Ein bil har køyrt av vegen og i ein bergvegg på E39 Vassenden, rett ved innkøyrsla til Eikåsvegen. Bilen står i vegen, og det er redusert framkomst på staden.

Ulykka skal ha skjedd i 70-sona, mellom Moskog og Vassenden. Føraren, som var den einaste personen i bilen, skal vere uskadd. Det er derimot materielle skadar på bilen. Airbagen er ikkje utløyst, og det er ingen lekkasje på staden.

Politiet melder om hendinga på Twitter klokka 07:49, fem minutt etter at ulykka skjedde. Årsaka til ulykka er førebels ukjend.

Naudetatar og bilbergar er på staden.

Les meir om hendinga her: