Trafikkulykke på Vassenden - førar sendt til sjukehus med ambulanse

ULYKKE: Ein bil har køyrt ut av vegen og treft ein stolpe på E39 ved Vassenden. Det danna seg fort køar på begge sider av ulykka. Vegen vart stengt i samband me ulykka.

ULYKKE: Ein bil har køyrt ut av vegen og treft ein stolpe på E39 ved Vassenden. Det danna seg fort køar på begge sider av ulykka. Vegen vart stengt i samband me ulykka.

DEL

Politiet melder at det har vore ei trafikkulykke ved Vassenden på E39. Dei melder at eitt køyretøy med ein person er involvert i ulykka. Meldinga kom klokka kvar over seks. Ulykka skal ha skjedd like ved Jølstraholmen.

– Det er ein bil som har køyrt ut av vegen og treft eit tre, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

– Vitne som hadde sett det heilt litt på avstand seier det ser ut som det er to bilar involverte, og at den eine er ein lastebil?

– Nei, det er berre ein bil, og ein person involvert. Lastebilen har nok berre stoppa, seier Hellesund.

Klokka 18.30 var alle naudetatane framme på staden.

– Det var ein eldre person som køyrde bilen. Helse tek hand om personen no, seier operasjonsleiaren.

Han legg til at det har danna seg relativt lange køar i området, men at bergingsbil er bestilt.

E39 var lenge stengt forbi ulykkesstaden. Klokka 19.40 melder politiet at vegen er opna for fri ferdsel igjen.

Mogleg med omkøyring

– Det såg ut som han kom utfor asfaltkanten og mista kontrollen. Bilen køyrde rett inn i eit tre, seier ein tipsar som kom like bak bilen som køyrde ut for vegen.

Han har sjølv køyrt vidare.

– Det er mogleg å køyre av mot Bjørkelia og deretter ta brua over til E39 igjen ved Vassenden seier han.

Rundt klokka 18.45 melder politiet at sjåføren av bilen er køyrd i ambulanse til sjukehus i Førde.

E39 er framleis stengt klokka 18.50




Artikkeltags