Trafikkulykke på Stad. To bilar involverte

To bilar er involverte i ei trafikkulykke på Stadlandet. Store materielle skadar.

DEL

Ulykka har skjedd på fylkesveg 5750 ved Dalsbøvatnet, melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 19 laurdag kveld.

Ved enden av vatnet deler vegen seg og går vidare til Honningsvåg og Ervik.

– Det er ei møteulykke med to bilar involvert. Det skal vere store materielle skadar på bilane, men førarane er oppegåande og vi vurderte det slik at det ikkje var nødvendig å sende ut ambulanse, seier operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt til Firda.

Det var éin person i kvar bil.

Då Firda snakka med Næss klokka 20, hadde brannvesen og politi netopp kome fram til ulykkesstaden.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken