Trafikkulykke på Rv5

Utforkøyring ved Tonheimsstranda.

Utforkøyring ved Tonheimsstranda. Foto:

Det er full utrykking etter melding om trafikkulykke ved Tonheimsstranda på Riksveg 5 mellom Florø og Eikefjord.

DEL

[FIRDAPOSTEN]: Klokka 14.35 er det meldt om trafikkulykke ved Tonheimsstranda mellom Florø og Eikefjord.

Ein bil med to personar skal ha køyrd utfor vegen.

Begge personane som var i bilen skal vere vakne og bevisste.

– Det er nokre trafikale problem i området, naudetatane er på veg til staden, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Politi, legevakt, ambulanse og helikopter er på staden. Litt over klokka 15 letta helikopteret, fortel vitne til Firdaposten.

– I alle fall ein person er frakta frå staden med luftambulanse, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Firda.

Vegen var stengd i om lag ein time, og det vart lange køar på staden. Litt før klokka 15.30 begynte ein å sleppe forbi trafikken, då ei fil vart opna.

Firda oppdaterer saka

Artikkeltags