Naudetatane er på staden på rv. 5 ved Eikefjord etter melding om ei trafikkulykke.
Ein bil og ein person er involvert, melder politiet.
Føraren skal ha fått sleng på bilen som sklei ut av vegbana og inn i ein fjellvegg, opplyser Vest politidistrikt.
Vegtrafikksentralen Vest melder at ulykka har skjedd på rv. 5 ved Knapstadbakkane, og at det er redusert framkomst grunna ulykka på staden. Bilen som var involvert står i det eine køyrefeltet, men det skal vere mogleg å passere.
Politiet opplyser om at føraren blir sett til av ambulansepersonell. Han skal vere bevisst og ikkje alvorleg skadd.
Airbag i bilen vart utløyst. Ingen andre bilar eller personar var involverte i uhellet.
Det var manuell dirigering men vegen er no opna att. Politiet varslar om at det er glatt vegbane på staden.