Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke på rv. 5 mellom Førde og Naustdal

To bilar og to personar var involvert. Desse to er sendt til legevakt i Førde.

Vaktkommandør Jan Ove Haga fortel til Firda at ulykka skal ha skjedd på rv. 5 mellom Naustdal og Førde.

To bilar og to personar skal vere involvert i det som ifølgje vaktkommandøren er ei front mot front-ulykke. Dette vart av politiet seinare avkrefta. Dei to involverte bilane skal ha treft kvarandre i sida.

Haga fortel at ein av dei to involverte bilane skal ligge i grøfta, og at det er meldt om dieselsøl på vegen. Utover dette har ikke 110 Vest fleire opplysningar om omfanget.

Det var seinare meldt at dei to involverte personane var sendt til legevakt i Førde i ambulanse.

Alle naudetatane vart sendt til staden. Bilbergar vart også sendt for å fjerne dei to skadde bilane.

Les også

To bilar small saman på rv. 5. Politiet trur dette kan vere ei mogleg årsak