Trafikkuhellet vart meldt av Operasjonssentralen i Vest politidistrikt klokka 16.43 måndag ettermiddag.

Politiet er no på ulykkesstaden, og det er vurdert å ikkje vere behov for andre naudetatar.

Det er ikkje meldt om personskade, og trafikken skal også gå greitt forbi ulykkesstaden.

Ikkje køyrbar etter ulykka

Operasjonsleiar Stine Mjelde fortel til Firda at dei no har avslutta på staden.

Den eine av dei to involverte bilane var ikkje køyrbar etter ulykka, og er no henta av bilbergar.

Mjelde fortel at ulykka skuldast eit vikepliktsbrot.

– Ein av dei to bilane har komme køyrande frå ein sideveg og inn på riksvegen, og den andre bilen har då ikkje greidd å stoppe, seier Mjelde.

Tok førarkortet

Operasjonsleiaren fortel at det var ein vaksen og to born i bilen som kom frå sidevegen. I den andre bilen skal det ikkje ha vore passasjerar.

Politipatruljen som var på staden har gjort avhøyr av dei involverte, og det er teke beslag i førarkortet til føraren som braut vikeplikta.