Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke på E39 ved Sunde

Ein bil med to personar involvert i trafikkulykke i Førde.

Klokka 15.34 melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på E39 ved Sunde i Førde. Ulykka skal ha skjedd ved Farsund bru. Alle naudetatane rykte ut.

Det var ein bil med to personar involvert. Vegen vart stengd som følge av ulykka.

Brannvesenet sikra bilen før dei to personane vart tekne ut. Begge var bevisste, men skadeomfanget er ukjent.

Klokka 16.06 var begge personane ute av bilane. Dei er no køyrt vekk i ambulanse.

Det er lange køar i området, men trafikken var i gang igjen klokka 16.00.

Les også

Her enda turen på E39: Tok med seg delar av rekkverket og hamna 20 meter ned i ein skråning