Trafikkulykke på E39 ved Myrmel

KØAR: Bilane står i kø forbi ulykkesstadenfram til  ulykkesbilane er fjerna. Bilen på bildet er ikkje involvert i ulykka.

KØAR: Bilane står i kø forbi ulykkesstadenfram til ulykkesbilane er fjerna. Bilen på bildet er ikkje involvert i ulykka. Foto:

To personar kom seg sjølv ut av bilane, melder politiet.

DEL

Naudetatane rykte like etter klokka 09.00 tysdag morgon ut til melding om ei trafikkulykke på E39 ved Myrmel i Sunnfjord.

To bilar er involvert i ulykka, det skal vere ein person i kvar bil – men begge personane skal ifølge operasjonssentralen til politiet ha komme seg ut av bilane sjølve.

Klokka 09.20: Alle naudetatane er på staden. Dei to involverte blir sett til av ambulanse, melder politiet.

Klokka 09.30: Politiet melder at det er manuell dirigering av trafikken på staden. Ambulansemannskap på staden skildrar dei to involverte i ulykka som oppegåande.

Artikkeltags