Trafikkulykke på E39 nær Lavik – passasjer sendt til legevakt

Bergingsbil er sendt til staden, og vegen er opna for trafikk etter stenging.

DEL

Alle naudetatane vart fredag ettermiddag sende til ei trafikkulykke i Lavik. Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.57.

Dei to personane i bilen var då ikkje fastklemde eller medvitslause, men politiet kjende vidare ikkje til skadeomfanget då.

Smerter i ryggen

– Ein kvinneleg førar opplyser om smerter i ryggen, og så var det ein passasjer med i bilen som eg ikkje har oversikt på no, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt klokka halv fire fredag ettermiddag.

Då var politipatruljen nettopp kommen til staden.

Kolltveit seier det berre er ein bil involvert i ulykka. Ulykka har skjedd på E39 i 80-sona før Lavik ferjekai. Bilen skal ha køyrt fram og ut i grøfta i nærleiken av Mosemyra Camping. Det er førebels usikker kva veg bilen har køyrt.

– Airbag har blitt utløyst og det er meldt om mogleg oljelekkasje, seier Kolltveit.

Vegen opna etter stenging

Klokka 15.57 vart vegen meldt opna att etter stenging og seinare manuell dirigering.

Både føraren av bilen og passasjeren var i 60-åra. Føraren er meldt uskadd, medan passasjeren er sendt til legevakt i Førde. Det er ikkje meldt om ytterlegare skader enn tidlegare meldt.

Ein bergingsbil kom til staden klokka 16.38. Politiet har også avslutta på staden og vil opprette sak på forholdet. Deira teori er at bilen truleg har hamna i grøfta under passering av eit møtande køyretøy.

Artikkeltags