Klokka 03.04 natt til fredag fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E39. Hendinga skal ha skjedd i krysset ved Sandevegen på Sande i Sunnfjord kommune.

Det er ein bil som skal ha køyrt utfor vegen.

– Bilen skal ha køyrt heilt utfor vegen, ned ei klippe på fem meter og landa på ein gang og sykkelsti, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Føraren, ein ung mann, var aleine i bilen og er våken og medviten. Luftambulanse vart sendt ut.

– Det var han sjølv som meldte ifrå om ulykka. Han vart frakta til Førde sentralsjukehus. Han hadde smerter i kroppen, seier Dahl-Michelsen.

Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand. Årsaka til ulykka er ikkje kjent.

Politiet opplyser om store skadar på bilen, der alle kollisjonsputene vart utløyst.

– Vi er ferdig på staden. No er vegen opna og går som den skal, seier operasjonsleiaren.