Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke på E16 i Lærdalsdalen

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet melder at det har vore ei trafikkulykke på E16 i Lærdalsdalen. Ein bil er involvert i ulykka.

Det var fire personar i bilen. Etter det politiet kjenner til er det ikkje alvorlege personskadar.

Naudetatane er klokka 16.30 på veg til ulykkesstaden.

- Ein bil med fire personar har kome litt utanfor vegen, men klart å komme seg opp igjen. Bilen står på eit busstopp. Personane i bilen er oppegåande, men melder om smerter i nakke, hovud og rygg, opplyser operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt til Sogn Avis.

Årsaka til ulykka er enno ikkje kjent.

Kommentarer til denne saken