Noreviktunnelen på E39 mellom Lavik og Vadheim er stengt på grunn av ei trafikkulykke. Det melder Vegtrafikksentralen Vest på Twitter klokka 11:16.

Litt seinare melder Vest politidistrikt om at det er store materielle skader, og at det er skadde personar – men at omfanget per no er ukjent.

Naudetatar er på staden. Tunnelen er stengd og det er køar med bilar utanfor.

Klokka 13:40 vart Noreviktunnelen opna for trafikk att, skriv Vegtrafikksentralen Vest på Twitter.

Det skal vere to bilar involverte, dei står på sørsida av tunnelen. Ifølge Alarmsentralen er det ikkje meldt om fastklemde, og det er ikkje el-bilar som er involverte.

På Twitter skriv Politiets operasjonssentral at det har vore ei møteulykke mellom to bilar. Det var fire personar i den eine bilen og éin person i den andre bilen. Éin person frå den eine bilen er tatt med av luftambulansen til Haukeland sjukehus, og éin person er vorte tatt med av ambulanse til Førde sjukehus.