E16 er stengd etter ei trafikkulykke mellom ein bil og ein lastebil ved Dorganeset i Flåm.
– Det er meldt om store materielle skadar. Det verkar for å vere ei alvorleg ulykke, melder Vest politidistrikt klokka 14.10.
Vegtrafikksentralen melder klokka 14.50 at vegen vil bli stengt lenge. Omkøyring er via Rv13 over Vikafjellet vidare til Sogndal og Lærdal. Skal ein mot aust eller vest er omkøyring via Rv7 Hardangervidda eller E134 Haukefjell.
Firda kjem tilbake med meir.
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: [email protected] TLF: 57 83 33 33