Politiet melde klokka 18.30 om ei trafikkulykke på Fylksveg 609 mellom Askvoll og Stongfjorden.

To bilar skal vere involvert i ulykka, men det skal ikkje vere snakk om alvorlege personskadar. Naudetatane er på veg.

Klokka 19.12 kan politiets operasjonssentral melde at patruljen nett er komen fram til staden.

– Så førebels veit vi ikkje så mykje anna enn at det ikkje er nokon som sit fastklemte i bilane, og at det ikkje er alvorlege skadar. Alle er ute av bilane. Bilbergar er også på veg, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.