Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke i tunnel i Nordfjord

Tre personar er involverte, og er sett til av helsepersonell.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder tysdag kveld om ei trafikkulykke i Tyvanestunnelen på fv. 60 i Stryn i Nordfjord.

Éitt køyretøy var involvert, og skadeomfanget var ukjent då ulykka vart meld.

Naudetatane vart sendt til staden, og det vart redusert framkomst og stengd veg på staden i ein periode som følger av ulykka, opplyste politiet.

Dei siste meldingane frå politiet er at dei involverte var tre personar i ein personbil. Alle desse er vakne og bevisste etter ulykka. Samtlege er vidare sett til av ambulanse på staden.

Klokka 22.50 vart vegen opna att for normal trafikk.

Kommentarer til denne saken