Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke i Stryn: To personar frakta til sjukehus med luftambulanse

Éin person var bevisstlaus etter utforkøyring på riksveg 15.

Laurdag kveld har det vore ei trafikkulykke på riksveg 15 i Stryn. Det melder politiet. Dei fekk melding om ulykka klokka 2145.

Ein bil har køyrt av vegen og ligg i ei skråning, melde politiet. Det blei først meldt at tre personar hadde komme seg ut av bilen og at dei var vakne og bevisste. Ein fjerde person sat fast i bilen, men er også bevisst, melde Vest politidistrikt klokka 2154.

Ulykka har ifølge politiet skjedd på Nordfjordvegen ved Langeset.

Éin bevisstlaus

Då Firda var i kontakt med politiets operasjonssentral klokka 22.15 var politiet ikkje komne fram til staden. Men brannmannskap og ambulanse var framme.

– Vi har no fått melding om at ein av personane er bevisstlaus, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen klokka 22.15.

Siste meldinga frå staden var då at tre personar var ute av bilen, der to av dei stod fram som uskadde mens den tredje var bevisstlaust. Éin person sat framleis fast i bilen, men var bevisst, opplyste Dahl-Michelsen.

– Det blir jobba med å få ut denne. To luftambulansar er på veg, seier Dahl-Michelsen.

Det skal vere store materielle skadar på bilen og airbagane er løyst ut. Vegen var klokka 2215 stengd på ubestemt tid. Operasjonsleiaren hadde då ingen informasjon om alder eller kjønn på dei involverte.

Det skal berre ha vore eitt køyretøy involvert i hendinga.

Politiet og 110-sentralen melde først at ein person sat fastklemd, men dette blei seinare korrigert. Dahl-Michelsen opplyser at personen ikkje skal ha vore direkte fastklemd, men at vedkommande ikkje kom seg ut av køyretøyet.

Henta av luftambulanse

Klokka 22.35 opplyser han at alle fire var ute av bilen.

– Ein av dei er henta av luftambulanse og den andre ventar på å også bli frakta til sjukehus med luftambulanse. Dei to siste står fram som uskadde, opplyste Dahl-Michelsen.

Han hadde då ikkje fått nokon nye opplysingar om om helsetilstanden til dei to som skulle sendast til sjukehus.