Naudetatane er på veg til Nordfjordvegen i Faleide i Stryn, etter melding om ei trafikkulykke.

Ein bil er involvert, og bilen skal ligge på sida, ifølge politiet si melding på Twitter. Sjåføren skal vere ute av bilen.

Skadeomfanget er førebels ukjend.

Politiet melder om dårleg vêr og mykje trafikk staden. Det er redusert framkomst på vegen som følger av ulykka.