Like etter klokka 19.00 søndag meldte 110 Vest at det har vore ei trafikkulykke i Sogndalsdalen.

– Det er snakk om ein personbil og ein varebil. Det er meldt om store materielle skader, seier Jørgen Ommedal, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Han fortel at to personar er involvert i ulykka og at begge har kome seg ut av bilane.

– Dei er begge oppegåande. Ambulanse er framme på staden, og ifølge dei verkar ikkje ulykka alvorleg, seier Ommedal.

Begge bilane er flytta vekk frå vegen og trafikken flyt greitt forbi, opplyser han.