Litt før klokka 16.30 måndag melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på riksveg 15 ved Knarteholmane ved Oppstrynsvatnet i Stryn kommune.

To bilar og to personar er involverte i ulykka, samanstøyten skal ha skjedd front mot front. Det vart tidleg meldt at ein person var fastklemd. Men då politi og ambulanse kom til staden, viste det seg at dette ikkje stemte.

Eine føraren er ute av bilen, melde politiet. Vedkommande verka uskadd. Den andre føraren sat framleis i bilen, men ikkje fastklemd. Vedkommande var medviten og oppegåande, og blei hjelpt av ambulansepersonellet på staden.

Klokka 17.47: Det er manuell trafikkdirigering på staden.

Saka blir oppdatert.