Klokka 18.48 rykte naudetatane ut ei trafikkulykke på Fv. 5744 mellom Fossebakken og Heggja ved Vedvika. Vedvika ligg rett utanfor Nordfjordeid i retning Hornindal.

Det er ein bil med ein person involvert i ulykka. Personen er bevisst, men kjem seg ikkje ut av bilen då den ligg sidelengs.

Personen skal ikkje vere fastklemt, melder Vest politidistrikt.

Vegtrafikksentralen opplyser om at vegen er mellombels stengd.

Du kan lese meir om ulykka i denne saka: