Ulykka skal ha skjedd på fylkesveg 611 ved Redal.

Ei ku er påkøyrd og ligg død utanfor vegbanen. Ein bil står forlaten ute på eit jorde med airbagen utløyst.

Det er ukjend når ulykka skal ha skjedd. Politiet er på veg til staden.

Markøren viser ikkje den nøyaktige posisjonen til ulykka.

Firda kjem tilbake med meir.