Naudetatane er på veg til ei trafikkulykke i Loen i Stryn, melder alarmesentralen 110 Vest på Twitter.

Dei fekk melding om hendinga klokka 15.48.

– Ein bil har gått på taket like ved Loen. Førar skal vere på veg ut av bilen, og brannvesen og helse er framme på staden, slik eg har forstått det, seier vaktkommandør Håkon Myking.

Han opplyser at brannvesenet kom fram på staden klokka 16.02. Ein traktor skal vere involvert i ulykka, men Myking seier han ikkje kjenner til kva som har skjedd.

– Er det snakk om personskader eller materielle skader?

– Det er ukjent for meg, seier vaktkommandøren.

Operasjonsleiar Tore Andre Brakstad på operasjonssentralen til politiet opplyser at føraren av bilen er skada.

– Han var ikkje fastklemt, og vart hjelpt ut av køyretøyet av folk på staden før naudetatane var framme. Skadeomfanget er uvisst, men han var medviten. Han er tatt med vidare til sjukehus med luftambulanse.

Brakstad seier at utifrå informasjonen politiet fekk på staden, vart sjåføren frakta til Førde sentralsjukehus.

– Har de danna dykk eit bilde av kva som har skjedd?

– Nei. Patruljen er der og prøvar å danne seg eit bilde ved å avhøyre dei involverte. Vi får ikkje snakka med bilføraren no, men mellom anna med traktorsjåføren.

Denne sjåføren vart ikkje skada.

Ifølge operasjonsleiaren er det flyt i trafikken på staden. Køyretøya står framleis i vegen, men trafikken blir dirrigert på staden.