110 Vest melde klokka 13.16 om at det har skjedd ei trafikkulykke på rv. 5 ved Kjøsnesfjorden. Ein bil ligg på utsida av vegen, mellom Fjærlandstunnelen og Kjøsnestunnelen.

– Bilen har hatt tre rundveltar og ligg no på taket i ein bekk. Føraren får tilsyn av helse i bilen, seier vaktkommandør Jostein Steinsland Hauge i Alarmsentralen til Firda klokka 13.30. Då var brannvesenet nett komen til staden. Han legg til at føraren ikkje skal vere fastklemd.

Det skal berre ha vore ein person i bilen. Sjåføren er medviten.

– Innleiingsvis vart det meldt at vedkommande er uskadd, men får no grundig sjekk av helsevesenet på staden. Det har vore ein del energi i støyten, seier Tore Andre Brakstad, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Føraren sat i bilen då brannvesenet kom til staden.

– Var ikkje fastklemt. Usikker på om vedkommande er ute av bilen no, seier Brakstad.

Politipatruljar frå Sogndal og Gloppen er på veg til staden.

Har du tips eller bilde frå staden? Ring gjerne på 57 83 33 33 eller send inn tips her.

Firda kjem tilbake med meir.