Klokka 13.14 melder Alarmsentralen om ei trafikkulykke på E39 Lavikvegen i Høyanger. Ein bubil og ein motorsykkel er involvert. Ulykka skal ha skjedd i nærleiken av Kvernhusvika på vegen mellom Aven og Lavik.

Ifølge naudetatane skal motorsykkelførar vere skadd, men vaken og medviten. Han blir frakta til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

Eitt køyrefelt er no opna for trafikk forbi staden.

Firda kjem tilbake med meir.