Det melde Vest politidistrikt laurdag like før klokka 14.00. Ifølge Vegtrafikksentralen vest skal ulykka ha funne stad i Dalsøyra.

Eitt køyretøy var involvert og skal ha velta utfor vegen.

Det var totalt fire personar i bilen. Alle personane skal ha kome seg ut av køyretøyet og var vakne og bevisste, opplyste politiet.

Brannvesen og ambulanse kom først til staden. Politiet rykte også ut.

I 15.30-tida opplyste Vegtrafikksentralen at bilbergar var på staden, og at vegen ville bli stengd i kort tid medan bergingsarbeidet heldt på.

Klokka 16.00 var vegen igjen open for fri ferdsel.