110 Vest melder på Twitter at det har skjedd ei trafikkulykke i Gloppen på Sørstrandvegen.

Ein personbil som har fått sleng på glatta og skal ha køyrt inn i ei bru. Jostein Steinsland Hauge, vaktkommandør hos 110 Vest, fortel at bilen har køyrt inn i autovernet, snurra litt og stod på tvers i vegen.

– Det er ingen personskadar, litt materielle skadar. Det ser ut til å vere udramatisk, seier han.

Brannvesenet er på staden. Bilen er flytta frå vegen.