Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke i Gloppen: Takboksen opna seg under fart

Motgåande bil blei treft.

Klokka 14.50 melde Vest politidistrikt på Twitter om eit trafikkuhell på E39 gjennom Våtedalen.

Operasjonsleiar Eivind Hellesund opplyser at ein takboks skal ha opna seg under køyringa.

– Det er ein bil som kom køyrande og så opna takboksen seg slik at noko av innhaldet falt av og trefte ein motgåande bil, seier han.

Det skal ha vore snakk om ei skummadrass og nokre småting som fall ut. Det vart ikkje store skadar på bilen som blei treft.

– Dei ordnar opp sjølv med skademelding. Naudetatane rykker ikkje ut til staden.

Det skal ha vore ein liten stopp i trafikken medan dei rydda opp, men no skal det flyte bra.

Kommentarer til denne saken