Trafikkulykke i Førde – ein mann i 30-åra frakta til sjukehuset

Foto:

Politiet melder om store materielle skader.

DEL

Klokka 06.26 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Førdefjordvegen nær Karstadvatnet på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll.

– Ein bil har gått rundt og køyrt utfor vegen, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen, til Firda.

Politiet er på staden og er i kontakt med ein person.

– No jobbar dei med å undersøke om det kan vere fleire involvert i ulykka, seier Knappen.

Det skal vere store materielle skader på bilen, men så langt er det ikkje meldt om personskade.

– Vedkommande er våken og tilsnakkande, men blir tatt med til undersøking på legevakt.

Det er for tidleg å seie kva årsaka til ulykka er, men Knappen opplyser at dei mistenker promillekøyring.

Klokka 09.15 opplyser politiet til Firda at dei framleis undersøker ulykkesstaden.

– Det er no tatt blodprøve av personen dei antar er føraren.

Politiet har konkludert at det berre var ein person i bilen under ulykka.

Sendt til sjukehus

Klokka 12.00 fortel Knappen til Firda at dei er ferdige på ulykkesstaden og ein mann i 30-åra har blitt frakta til sjukehuset i Førde.

– Skadeomfanget er ukjent, men personen var bevist når han var i kontakt med politiet.

Politiet opprettar sak på hendinga.

I første versjon av artikkelen melde Firda at ulykka skjedde i Askvoll. Det er retta til Førde.


Artikkeltags