Klokka 19.16 tysdag kveld melde 110 Vest at brannvesenet rykker ut til ei trafikkulykke ved Ålfoten i Bremanger.

– Det er ein bil som har køyrt utfor vegen. Det er glatt på staden. Føraren er ute i bilen og har kome seg over i ein annan bil. Dei har køyrd frå staden, og skal møte ein ambulanse for ein sjekk av kvinna som køyrde bilen, seier Håkon Myking, vaktkommandør i 110-sentralen Vest.

Vaktkommandøren seier at det er glatt på staden.

Brannvesenet var framme på staden rundt klokka 19.40.

– Dei har sett opp varseltrekantar, og fått kontrollert at et ikkje var lekkasje frå bilen, seier Myking.

Har du bilde eller informasjon frå staden? Del det gjerne med oss her.