I halv tititida onsdag fekk naudetatane melding om at ein bil hadde køyrt av vegen i Bremanger.

– Forbipasserande melde ifrå om ulykka, sa vakthavande kommandør i 110-sentralen, Dag Inge Gjesdal.

Det var éin bil involvert i ulykka og førar var ei kvinne i 70-åra.

Det skal ha vore utfordrande køyreforhold på staden, opplyste politiet.

Operasjonsleiar Dan Erik Johannessen seier til Firda at kvinna kom uskadd frå krasjen, og at det ikkje blir oppretta sak på hendinga.

Klokka 10.30 var bilen berga.