Trafikkulykke i Balestrand

DEL

Vest politidistrikt fekk klokka 12.59 melding om ei trafikkulykke i Balestrand. To bilar er involverte i ulykka, som skal ha skjedd vest for Kvamsøy på fylkesveg 55, mellom Balestrand og Høyanger.

– Det er ein lastebil og ein personbil involverte i ulykka. Mogleg store skader på personbilen, melde politiet først.

Like etter kom dei med ei retting. Det er to personbilar som er invoverte, ingen lastebil.

Brannvesenet kom først fram til staden, og kunne konstantere at det var snakk om ei påkøyrsle bakfrå.

Politiet kom til staden litt etter, og melder at ingen personar er skadde. Partane fyller ut skademeldingsskjema-

Trafikken går greitt forbi ulykkesstaden.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken