Natt til måndag rykte politiet ut etter melding om ein trafikkulykke i Balestrand.
– Bilen hadde rulla rundt ein eller to gongar, seier Tore Andre Brakstad, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Trass i dette skildrar han ulykka som udramatisk.
– Førar, ein mann i 60-åra, var aleine i bilen og gjekk uskadd frå hendinga, seier han.
Politiet reiste til staden og mistenker ikkje rus. Det var heller ingen trafikale problem som følge av ulykka.