110 Vest melde klokka 17.05 om at naudetatane var på veg til ei trafikkulykke på E16 ved Gudvangen i Aurland.

– Det er ein lastebil og ein campingbil som har krasja. Dei står utanfor vegen no, så det er mogleg å passere, sa Tore Fanebust ved 110-sentralen Vest då.

Det var fem personar involvert, og det vart meldt om lettare personskadar og materielle skadar.

Vest politidistrikt opplyste litt seinare at det var lastebilen som køyrde i bubilen bakfrå. Ulykka skjedde mellom bensinstasjonen og Gudvangatunnelen.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik seier klokka 18.20 at ulykka skjedde då bubilen bremsa opp fordi bilen framfor gjorde det, og då skal lastebilen ha køyrt i bubilen.

Politiet tek no avhøyr av dei involverte partane på staden. Begge køyretøya skal ha vore utanlandske.

Alle dei involverte vart sjekka av helsepersonell, men skal ikkje ha hatt behov for vidare behandling.