110-sentralen Vest opplyste like over klokka 12.00 at det har skjedd ei trafikkulukke på Vestkappvegen i Stad.
– Det er ei singelulukke der ein bil har gått rundt. Det var berre førar i bilen, og vedkommande har kome seg ut, opplyste Vest politidistrikt.
12.45 sa operasjonsleiar Tatjana Knappen at førar vart tatt med til legevakt på Nordfjordeid.
– Det som truleg har skjedd er at førar skulle svinge ut av vegen for å gje passasje til ein annan bil, men kom skeivt ut slik at bilen gjekk rundt og landa på sida.
Politiet har no sendt ein patrulje til Nordfjordeid for å avhøyre føraren, medan ein annan patrulje er send til ulukkesstaden.

Les også
Brannen på Byrkjelo er no sløkt. Rundt 50 dyr redda ut

Les også
Bil krasja i fjellvegg – mann i 40-åra send til sjukehus
Les også