Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke på E16 i Lærdal: Glatt veg truleg årsak

Klokka 13.50 fekk naudetatane melding om at ein bil var involvert i ei trafikkulukke på E16 i Lærdal, ca. 300 meter frå Volls bru i retning Borgund.

– Uvisst kva som har skjedd. Det er ikkje meldt om personskade per no, opplyste politiet klokka 14.00.

Det oppstod noko kø som følgje av ulukka.

Klokka 14.16 melde politiet at naudetatane var komne fram, også ambulansen hadde rykt ut.

– Førar verkar uskadd, seier politiet.

Klokka 15.00 opplyste operasjonssentralen at bilen er fjerna og at vegen er open for fri ferdsel. Årsaka til ulukka skal ha vore glatt veg.

Les også

Frostrøyk frå Lærdalselvi skapar glatte vegar

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33