Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulukke i Lærdal- førar bles raudt

Sogn Avis: Søndag kveld klokka 18.59 fekk Vest politidistrikt melding om at ein bil har krasja ved eit ungdomshus i Lærdal.

– Førar har blåse langt over lovleg verdi på alkometeret, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Føraren, som har køyrt i ein midtrabatt, får no helsehjelp.

– Det skal ikkje verE alvorlege personskadar, seier Hellesund.

Politiet melder at det skal takast blodprøve av førar, at det er gjort førarkortbeslag og at forholdet blir politimeldt.

Kommentarer til denne saken