Det melder Vest politidistrikt tysdag klokka 19.40.

Ulukka har skjedd like utanfor Kolnostunnelen på fv. 53 i Årdal.

– Det var to personar i bilen, truleg på veg ned frå fjellet. Bilen traff steinar som lå i vegbana litt utanfor tunnelen, og airbagen vart utløyst. Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, opplyser operasjonsleiar ved vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Han fortel at dei andre bilane klarte å svinge utanom steinane. Det er ikkje mistanke om rus.

– Vegtrafikksentralen vart varsla og politiet har vore på staden. Ein ventar no på bilbergar, fortel Hellesund litt før klokka 21.00.