Klokka 08.18 fredag morgon fekk Vest politidistrikt melding om eit trafikkuhell på fv. 609 ved Flokeneset i Askvoll kommune.
– Ein mann i tjueåra skal vere involvert i ulykka, seier operasjonsleiar Stine Mjelde ved Vest politidistrikt.
Mannen skal vere vaken og medviten, og skal vere ute av bilen. Det er ikkje meldt om personskadar.
Ifølge mannen sin forklaring, skjedde ulykka i samband med at han skulle svinge unna ein hjort i vegen.
– Då hamna han utfor vegen og inn i fjellveggen, seier Mjelde, og legg til at det er 80-sone på staden. Hjorten skal også ha sprunge vidare.
Politi og brannvesen er på staden. Det vart meldt om trafikale utfordringar på staden.

Les også