Fv. 5676 Åmotsvegen ved Åse vart stengd grunna eit trafikkuhell mellom to bilar i 12-tida onsdag.
Politiet reiste til staden, men ingen av dei andre naudetatane vart kalla ut.
– Slik vi har forstått det, skal det vere snakk om ein samanstøyt mellom to bilar med totalt tre personar involvert. Eg har ikkje inntrykk av at det er alvorleg, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt like etter at ulukka vart meldt.

Les også
Då bilane skulle passere kvarandre, hamna den eine i ei djup grøft
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: [email protected] TLF: 57 83 33 33