11.27 torsdag fekk politiet melding om eit trafikkuhell på E39 på Sande.

– Den eine bilen skal ha køyrd i bakenden på den andre, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt.

I dei to bilane sat det to menn, ein i 70-åra og ein i 50-åra. Det er ingen personskade etter uhellet, men eine bilen er såpass skadd at den måtte tauast vekk.

Det er ikkje mistanke om ruskøyring, men politiet opprettar likevel sak på hendinga.