Klokka 14.42 fekk naudetatane melding om ei singelulukke ved Svarthumlevatnet på rv. 5, nord for Naustdalstunnelen.

Første meldinga gjekk på at ein bil hadde køyrt utfor vegen. I bilen sat det ei kvinne i 30-åra, opplyser operasjonsleiar Tom Johannessen.

Han fortel at kvinna er tatt hand om av helse.

Kva som er årsaka til ulukka er ikkje kjend, men det er ikkje mistanke om rus.

Det skal ha vore slaps i vegbana då ulukka skjedde, seier politiet. Bilbergar er kalla ut for å hente køyretøyet.

Har du tips eller bilde frå staden? Send gjerne til redaksjon@firda.no.