Klokka 13:09 fekk Vest politidistrikt melding om eit trafikkuhell i Blekesvingen på rv. 15 i Stryn.

Ein bil hadde køyrt utfor vegen, opplyste politiet.

I bilen var det tre personar, som alle var vakne.

– Dei verkar alle som uskadde, sa Knut Dahl Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Bilen stod godt utanfor vegen, noko som ikkje skapte trøbbel for trafikken. Bilbergar vart bestilt.

Klokka 14.30 opplyste Dahl Michelsen at dei har avslutta på staden.

– Bilen er berga og vi har reist. Det vert ikkje oppretta sak på hendinga. Det var eit uhell som har skjedd i låg fart og det er ikkje fare for gjentaking, seier operasjonsleiaren.