Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkuhell på Nordfjordeid

Ein bil har køyrt i grøfta i Stigedalen på Nordfjordeid. Ifølge politiet er det berre fronten på bilen som ligg i grøfta.

Føraren skal ha vore åleine i bilen, og er ute av køyretøyet. Vedkommande skal vere oppegåande, men noko i sjokk.

Politiet fekk melding om hendinga like etter klokka 15.00, og skriv på Twitter at årsaka til hendinga er ukjend.

Kommentarer til denne saken