Trafikkuhellet skjedde på Sognefjordvegen ved Hermansverk, og naudetatane fekk melding om hendinga like over klokka 08.00.
Til Sogn Avis sa operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidisrikt at bilen hadde køyrt inn i ein stolpe.
– Førar var ikkje fastklemd, og skal ikkje ha fått alvorlege skadar. Bilen står utanfor vegen, og er ikkje til hinder for anna trafikk. Det skal ikkje vere lekkasje på bilen, men det er skadar i front på den, og noko skadar på ein eigedom, sa Knappen til avisa.
Sidan det ikkje var snakk om personskadar, blei det bestemt at politiet var den av naudetatane som skulle rykke ut.
Litt lenger ute i fjorden, i Balestrand, var det også ei ulykke, men den skjedde fredag i 23-tida.
Der køyrde ein bil med to personar i grøfta ved Sæle kyrkje, skriv Sogn Avis.
– Begge kom seg ut av bilen på eiga hand, og såg ut til å kome frå det utan skadar. Det blei gjort avhøyr av dei involverte på staden, og det blei ikkje teke førarkortbeslag, sidan det ikkje var mistanke om ruskøyring. Det blir rapportert inn som eit vegtrafikkuhell, seier Knappen.

Brannen på Byrkjelo er no sløkt. Rundt 50 dyr redda ut
Fire personar til sjukehus etter front mot front-ulykke på rv. 5
