Vest politidistrikt melder om eit trafikkuhell mellom ein lastebil og ein minicrossar ved Seljetun i Florø.
Minicrossaren, med ein eldre førar, skal ha velta, ifølge politiet. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege personskadar.
– Føraren er ein mann i 80-åra og han sa seg sjølv som skadefri. Han vart sett til av helsepersonell som også sa han var uskadd, seier Eivind Hellesund, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Det er ikkje mistanke om rus, men politiet opprettar likevel sak på hendinga.
– Det ser ut til at lastebilen har rygga medan minicrossaren har vore bak. Det skal også seiast at minicrossaren skal etter forholda ha hatt høg fart, seier Hellesund.