Ettersøkslaget er varsla, etter at ein hjort vart påkøyrd i Hennebygda i Stad kommune fredag morgon.

Sjåføren skal vere ei kvinne i 50-åra. Ho kom uskadd frå hendinga.

Politiet fekk meldinga om trafikkuhellet rett før klokka ni.

Bilen hamna litt utfor vegen etter samanstøyten, og fekk materielle skader. Kvinna kunne for eigen maskin komme seg til verkstad.

Hjorten var kanskje den som kom verst ut frå krasjen. Den fekk seg ein real smell, og ettersøkslaget søkar no etter dyret.

Politiet opprettar ikkje sak.