Masfjordtunnelen på E39 vart stengd på grunn av eit trafikkuhell onsdag ettermiddag.

Det melde Vegtrafikksentralen på Twitter.

Politiet tvitra at ein bil skal ha køyrt inn i fjellveggen. Det skal ikkje ha vore andre i bilen utanom føraren, som skal vere ein mann i 70-åra.

– Brannvesenet er på staden og er i kontakt med sjåføren. Vedkommande er bevisst og vaken, saTom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt kort tid etter ulykka.

Johannesen fortalde då at skadeomfanget elles var ukjent.

Lars Petter Lorvik, vaktkommandør i 110 Vest, fortalde klokka 12.23 at sjåføren var ute av bilen.

– Hen var ikkje fastklemt og helse på staden har tatt over, sa Lorvik.

Klokka 13.01 melde Vest politidistrikt at førar av bilen er frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus. Bilen er henta av bilbergar, og tunnelen er opna att for trafikk.