Ein bil skal ha fått ein skrens, køyrt utfor vegen og treft ein stolpe ved Hellebøstranda i Lavik. Det melder politiet på Twitter klokka 17.08.

Politiet opplyser at farten skal ha vore låg og det er ikkje meldt om personskadar. Stolpen skal derimot vere knekt.

– Det var ein person i bilen, og det er ikkje meldt om personskade. Vi veit ikkje kvifor bilen køyrde utfor vegen, men sidan føraren har opplyst å ha fått ein skrens, så er det antakeleg glatt på staden, seier Eivind Hellesund, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Ein politipatrulje frå Høyanger er på veg til staden. Bilen skal ha fått nokre materielle skader, og eine bakruta skal vere knust.

Bilen står ikkje i vegen for trafikken, og det er fri ferdsel på staden. Hellesund seier det vil vere behov for bilbergar for å få bilen vekk.

Firda kjem tilbake med meir.