Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkuhell i Hyllestad: Bil snurra rundt og hamna på taket

Artikkelen er over 2 år gammel

Torsdag klokka 17.30 melde politiet om eit trafikkuhell på fylkesveg 57 i Leirvik i Hyllestad, like ved Bø kyrkje.

– Bilen ligg på taket. Naudetatane er på veg, melder politiet klokka 17.30.

Operasjonsleiar Terje Magnussen seier at det var ein person i bilen, og at denne er kommen ut av bilen.

– Det er meldt at personen skal vere oppegåande.

Bilen skal ligge delvis ute i vegen, og meldinga politiet har fått tyder på at bilen har treft ein fjellvegg før den har gått rundt.

Føraren blir frakta i ambulanse til sjukehus i Førde, melder politiet like før klokka 18.30.